Barnegospelen

Barnegospelen er for barn i førskulegruppa og i skulealder. I Barnegospelen ønsker me å skape sang-glede saman med barna og korøvingane skal være ein kjekk og trygg plass å komme. Me held til i SIM-Lokalet (Granden 23). Øvingane er på mandagar kl 17.30 – 19.00. Sjå lenger nede på «Meir om Barnegospelen» for detaljinformasjon om kva me gjer, Barnegospel t-skjorte, medlemskontigent osv.

Hausten 2023

Prosjekt julekonsert

Velkommen til nytt semester med Barnegospelen!
Alle som går siste året i barnehagen, dvs født 2018, og eldre er velkomne til å bli med!

Hausten 2022 hadde me for første gang «prosjekt julekonsert». Dette var veldig kjekt og me planlegg på nytt å øve inn julesongar som me skal framføre på Barnegospelen sin eigen julekonsert mandag 4. desember.

Øvingsdatoar

Me øver kvar mandag frå og med mandag 18. september til julekonserten 4. desember. Det vert ikkje øving i haustferien 9. oktober.

Leiarar i Barnegospelen

Fedor Duhrmann (462 82 008)
Ingeborg Husabø Bjørseth (482 94 414)
Kjetil Stautland (971 84 571)
Siri Birgitte Eriksen
Grethe S. Bondevik
Leiv Erik Husabø
Stine Malin Tobiassen (pause våren 2023 – vekke på studie)

Meir om Barnegospelen

Korleis ser ei typisk øving ut?

Me startar med barnegospelsongen og ein namnerunde. Deretter varmar me opp og har korøving og så ein andakt. Det blir deretter kafé med frukt el l og utlodding til inntekt for misjonsprosjektet vårt. Me har så ei ny økt med korøving før vi sluttar av med avslutningsdansen vår.

Barna som har byrja i 4. klasse får moglegheit til å bli med som hjelpeleiarar. I tillegg til å være med i koret får dei hjelpe til med ulike oppgåver under øvingane.

Foreldre/føresette er velkomen til å bli verande i kaféen under øvinga om ein ønsker. Forsyn deg gjerne med ein kopp kaffi og prat med nokon kjente eller nye, eller berre nyt å sitte ned i ro og mak.

Korleis blir eg med i Barnegospelen?

Møt opp på ei øving og test ut, alle er velkome til å bli med.

Me bruker appen SPOND til å kommunisere med medlemmane, det er kun her det kjem melding om eventuelle endringar el l. Ta kontakt med ein leiar for å bli lagt til i SPOND-Gruppa, eller finn gruppa sjølv i appen. Gruppekode er “GRUEY”. Lenke til gruppa her: https://group.spond.com/GRUEY

I tillegg har me ei Facebook-side der vi berre legg ut generell informasjon. Den finn du her: https://www.facebook.com/barnegospelen

Medlemskontigent er 100,- pr år (betaling 1x pr år) og betalingsinformasjon vert sendt ut ein gang i året. 

(Ta kontakt med ein av leiarane dersom de har ein økonomisk situasjon som gjer det vanskeleg å betale medlemsavgifta) . 

Alle medlemane får Barnegospel t-skjorte:

  • Den blir delt ut til alle nye medlemar
  • Dei som har for lita t-skjorte får ny
  • Dei som har mista/øydelagt kan kjøpe ny (kr 100,-)
  • Småsøsken kan òg kjøpe (kr 100,-)

Misjonsprosjektet vårt

Barnegospelen sitt misjonsprosjekt er eit senter som driv misjonsarbeid i Olongapo, Filippinene. Pengane frå barnegospelen går til klede, skulepengar og anna nødvendig utstyr til borna som bur ved senteret saman med mødrene sine. Det som er flott er at me har personar i SIM med eit personleg engasjement i arbeidet og som sjølv har delteke i dette hjelpearbeidet. Spør oss gjerne for meir info.

Tryggleik

Alle skal være trygge og ha ei god oppleving på Barnegospelen. Me har fokus på å unngå grenseoverskridande hendingar og alle leiarar over 16 år må leggje fram godkjend politiattest.

Deltakarar som treng ekstra hjelp må ha med seg føresette eller vaksen assistent.(Påkledning, toalettbesøk, assistanse grunna funksjonsnedsetjing)

Bruk av bilete/opptak

Gruppebilete, situasjonsbilete eller opptak frå Barnegospelen kan nyttast til eigenreklame (Trykksak og Web). Bilete av enkeltpersonar, publisering av navn eller vidareformidling av bilete vil ikkje skje utan samtykke frå føresette. 

Historia til Barnegospelen

Barnegospelen vart starta opp i 1992 i regi av Frelsesarmeen i Sogndal. Mange born i Sogndal har vore innom koret og delteke på øvingar og ulike arrangement.

Hovudaktiviteten for Barnegospelen har vore å samle borna til korøving kvar måndag ettermiddag. Ein har lagt vekt på å samle borna til sangen om Jesus og bibelforteljingar om kven Han er. I tillegg til øvingane har ein arrangert familiesamlingar, karneval, superlaurdagar for borna og kor-helgar med besøk av barnekor-ledarar som Bjarte Leithaug, Barbro Wiig Sulebakk og Jarle Waldemar m.fl.

I mange år samlast born til song, andakt, leik og utlodding i Frelsesarmeen sine lokale i Fjøra. Etterkvart vart både SIM og Kyrkja i Sogndal engasjert i samarbeidet om Barnegospelen. Gjennom desse åra var Barnegospelen eit bærande element i Frelsesarmeen sitt barne- og familiearbeid, og hadde god oppslutning, mellom anna med framføring av to sjølvskrivne musikalar i Kulturhuset og i Stedje Kyrkje. I 2007 fekk SIM utfordringa om å overta Barnegospelen sitt arbeid, og samlingane vart dermed flytta til SIM sine lokale på Granden – framleis i samarbeid med kyrkja. Våren 2017 tok SIM over ansvaret for Barnegospelen aleine og driv pr hausten 2022 dette arbeidet i SIM sine lokale på Granden 23.

Har du spørsmål? Kontakt ein av leiarane våre. Håpar å sjå deg på Barnegospelen!