Utleige

Vi leiger ut lokalet til bedrifts- og privatarrangement

våre fasilitetar

SIM lokalet er eit stort og sentralt lokale i Sogndal på ca 500 kvm, godt egna til mange typar samlingar og arrangement.

Lokalet består av ein hovudsal, ein kafé-del og eit kjøkken i tilknyting til denne, samt eit mindre grupperom.

Hovudsalen har scene, lyd-, lys- og skjermfasilitetar, og sitteplass til 150-200 stk. Vi har opptil 13 runde bord med tilhøyrande kvite dukar som kan settast opp, med plass til 8 stk pr bord.

Kafé-delen har eige lydanlegg og projektor med stort lerret. Her er bord og sitteplassar til 50-60 stk (mogleg kapasitet på 80 stk, dersom ein hentar stolar frå hovedsalen og set opp bord.)

Kjøkkenet er i tilknytting til kaféen og er egna til klargjering av mat til servering og har gode oppvasksfasilitetar. Vi har dekketøy til 100 pers.

Gruppe-/møterommet har plass til 10-15 personar. Her har ein tilgang på 47″ flatskjerm, whiteboard og lerret, samt flyttbar bluetooth-høgtalar.

Ved bruk av lyd- og bildefasilitetane i hovudsalen må teknikar frå SIM vere tilstades og ha ansvaret, med mindre anna er avtalt.

Det er ikke tilgang til å servere alkohol på arrangement i våre lokale.

Prisar

Privat

Prisene for privat utleige gjeld med føresetnad av at leigar set opp sjølv, og at lokale vert rydda og vaska i tråd med vaske-instruks etter bruk. Medlemmar i forsamlinga får 20% rabatt på leigeprisen.

3 timars leige
Heile lokalet                     2.500,-
Kafédel og kjøken           1.300,-

Dagsleige
Heile lokalet                     4.400,-
Kafédel og kjøken           2.700,-

Bruk av dukar

Tilleggspris for bruk av dukar er kr 25,- per stk.
Leigetakar må sjølv vaske dei og ta dei med tilbake innan rimeleg tid. (3-4 dagar, om ikkje anna er avtalt)

Bruk av lydannlegg

Ved bruk av lydanlegg i hovudsal må teknikar frå Sim ha ansvaret for anlegget. Ved enkel bruk kan det bli gitt ei innføring og ansvar delegert. Ved meir omfattande bruk trengst det teknikar til stades grunna anleggets kompleksitet.

Tilleggspris for enkel bruk av anlegget i hovudsalen, inkludert opprigging og nedrigging samt enkel innføring frå teknikar, er kr 750,-.

Har du behov for teknikar under deler av eller heile arrangementet, må dette avtalast i forkant då det ikkje er garantert at SIM til ei kvar tid kan stille med teknikar.

Prisar

Bedrift

3 timars leige
Heile lokalet                     3.500,-
Kafédel og kjøken           2.500,-

Dagsleige
Heile lokalet                     6.500,-
Kafédel og kjøken           4.300,-

Ved leige over fleire dagar gjeld følgande rabattar

3 timars leige
Heile lokalet
Kafédel og kjøken

1 Dag
Full pris
Full pris

2 Dagar
20% rabatt
20% rabatt

3 Dagar +
40% rabatt
40% rabatt

Bruk av dukar

Bruk av dukar
Tilleggspris for bruk av dukar er kr 40,- per stk

Bruk av lydanlegg
Ved bruk av lydanlegg i hovudsal må teknikar frå Sim ha ansvaret for anlegget. Ved enkel bruk kan det bli gitt ei innføring og ansvar delegert. Ved meir omfattande bruk trengst det teknikar til stades grunna anleggets kompleksitet.

Tilleggspris for enkel bruk av anlegget i hovudsalen, inkludert opprigging og nedrigging samt enkel innføring frå teknikar, er kr 1.000,-.

Ved meir omfattande bruk av anlegget, trengs det teknikar (frå SIM eller godkjent av SIM) til stades under arrangementet. Har de behov for dette, må det avtalast i forkant då det ikkje er garantert at SIM til ei kvar tid kan stille med teknikar.

Lurer du på noko?

Vi høyrer gjerne frå deg