om oss

SIM – Sogndal Indremisjonsforsamling

Vi er ei livsglad forsamling med folk i alle aldrar. Ønsket vårt er å vere eit inkluderande fellesskap for søkande mennesker i Sogndal og området rundt. Ein plass ein kan kome utan å tru så mykje og finne meir ut av eiga tru, og for deg som vil vekse i den trua du har.

Samlingane våre har eit folkeleg utrykk, og vi forsøker å skape ei avslappa og venleg atmosfære det er lett å kjenne seg heime i for både kjente og nye.

Velkommen til SIM!

Vår historie

Ei generasjonskyrkje i sogndal som bryr seg

Året er 1994. Det var berre ei lita aldrande bønegruppe igjen i Indremisjonsarbeidet på bedehuset i Sogndal, då nokre unge familiar kom til og byrja å samlast. Først prøvde dei seg med litt ulike arrangement, men hausten 2004 stoppa dei opp all aktivitet. Dei ønska å søke Gud for vegen vidare.

Ein lengsel etter eit fellesskap kor ein kunne høyre til, vaks fram. Ein stad ein ikke berre møttes til arrangement og gjekk igjen, men kor vennskap og ekte felleskap fekk gro. Ein plass der ungane kunne vekse opp og oppleve og finne sin heim.

Året etter, 2005, vart forsamlinga Sogndal Indremisjons-forsamling (SIM) starta. No, snart 20 år etter, er vi ei livsglad forsamling på 150-200 stk med folk i alle aldrar, kor hjartet vårt er å vere ei generasjonskykrje i Sogndal som bryr seg.

VÅR VISJON

Inkludere – utuste – sende

Vi ønsker å være eit fellesskap som inkluderer. Der både nye og kjente kan kjenne seg velkomen, og der vi saman får bli betre kjent med Jesus, om ein trur mykje eller lite.

Vi ønsker å vere eit fellesskap som utruster. Som hjelper kvarandre å vekse i tillit og kjærleik til Jesus. Ein plass der styrker og gåver oppdagast, utviklast og får blomstre.

Vi ønsker å ver eit fellesskap som sender. Der vi sender kvarandre ut med ein himmel over den kvardagen kvar av oss står i, og kraft og mot til å vise kven Jesus er der.

Drømmen er òg å ikkje berre få bety noko lokalt, men å få vere med å utruste og sende mennesker ut i frå Sogndal. Både i andre delar av landet og ut over landegrensene

 

Våre verdiar

ekte – rause – tydelege – aktuelle – Varme

Vi vil ikkje vere ei samling av fasader, men ekte menneske som våger å vere åpne og by på seg sjølv. Som er rause nok til at vi tåler kvarandre, óg på ein dårlig dag.

Vi vil vere tydelege fordi vi trur at å snakke sant er det beste,  sjølv om kan vere kevjande. Og fordi vi trur Jesus når han seier at sanninga skal sette dykk fri. Samtidig vil vi heile tida jobbe med korleis vi formidlar og former fellesskapet, slik at vi ikkje blir livsfjerne, men aktuelle, i ei verd i stadig endring.

Til sist vil vi vere varme. Menneske som bryr seg og som det er godt å vere saman med, gjennom gleder og sorger, tap og sigrar, tvil og tru. Der det naturlege er, ikkje å trekke seg ut, men å søke inn i fellesskapet når det røyner på.

 

VÅR tru

Vi trur på Jesus Kristus

Vi trur at Jesus er svaret på det mennesket djupast sett lengtar etter, og den redninga verda vår treng.

Vi trur at bibelen formidlar ei samla og sann forteljing som fører til Jesus. Om ein god Gud som skapte alle ting godt. Om mennesket som svikta. Om Gud som ikkje gir opp, men gjennom Jesus, gir sitt eget liv. Og om korleis Han, gjennom Jesu oppstode, er i ferd med å gjere alle ting godt igjen.

Vi trur at alle som tar imot Jesus får ein ny identitet som Guds barn og får Guds Ande (Den Heilage Ande) i seg, slik at vi kan få erfare og bli kjent med Gud.

Vi trur at Jesus er tilgjengeleg for alle vil ha det Han er og gir.

 

Vår Tradisjon

ei evangelisk luthersk rørsle

Vi er ein del av ImF (Indremisjonsforbundet), som er ei evangelisk luthersk vekkings-rørsle. Essensen i dette er at vi trur bibelen er sann og uttrykker Guds gode, tidlause og livgivande vilje for oss menneske. At Jesus er skrifta si kjerne og stjerne, som resten av bibelen må tolkast i lys av. At mennesket blir rettferdige for Gud gjennom tru åleine. At Gud er levande og virksom, og vil at alle skal bli frelst. Og at ikkje berre nokon få, men alle har ei viktig rolle i og ut frå det kristne fellesskapet.

Kulturelt har formidlinga av Ordet (Bibelen) gjennom undervisning og vitnesbyrd vore – og er – viktig, og brannen for at fleire må få høyre og erfare. Samtidig er vi tydeleg prega av både Ungdom i Oppdrag og Pionerkirken kor bl a lovprisninga (song) og Andens nærvær og virke, er sentralt.

Finn ut meir

utdjupande informasjon

Les meir om ImF, rørsla vi er ein del av, her: https://imf.no/
Våre vedtekter finn du her: Vedtekter SIM – Sogndal Indremisjonsforsamling
Presentasjon av satsinga 2023-2027 finn du her: Satsinga 2023-2027

Lurer du på noko?

still eit spørsmål eller ta neste steg