Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Formiddagsmøte

27. september, 2020 // 11:00 - 13:00

Som erstatning for Storsamling vil vi frå og med på søndag invitere til Formiddagsmøte annakvar søndag i første omgang fram til 15. Sept. Dette blir same tidspunkt som Storsamlingane var planlagt, dvs anna kvar søndag frå og med kommande søndag. Desse vil likne kveldsmøte i form, men det vil ikkje vere Barnekyrkje, barneopplegg eller leikekrok. Dei som evt vel å ta med barn må ta ansvar for at dei overheld einmetersregelen. Vi arbeider for å få streame samlingane, slik at flest mogleg kan kople seg på.
Med gjeldande regelverk, har vi plass til å samle inntil 105 personar i møtesalen. Vi må framleis overhalde einmetersregelen og råd om handhygiene. Vi treng framleis ha oversikt over deltakarar og kontaktinfo for å evt kunne spore smitte, og har derfor påmelding til samlingane. Det vil likevel vere mogleg å melde seg på i døra inntil vi når 105 personar. Listene blir sletta etter 14 dagar.
NB! Har du mistanke om at du kan vere korona-sjuk, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene, kan du ikkje delta på samlinga. Dersom du utviklar sjukdom 1-2 dagar etter samlinga skal det straks meldast frå til Stab eller leiarskap.
Treng du å melde deg av? Send epost til post@sogndalimf.no.

Detaljer

Dato:
27. september, 2020
Tid
11:00 - 13:00