BARN
Samlingar for barn og unge i SIM
Barnegospelen
Frå førskulegruppe og oppover
Barnegospelen er for barn i førskulegruppa og i skulealder. Her ønsker me å skape sang-glede saman med barna, bli betre kjent med Jesus. Vi gjer det vi kan for at korøvingane skal være ein kjekk og trygg plass å komme for alle.
Me held til i SIM-Lokalet (Granden 23). Øvingane er på mandagar kl 17.30 – 19.00.
VING
9 – 12 år (4-7. klasse)
VING er til for å bygge venskap, bli betre kjent med Jesus og vekse i etterfølging av Han. Ei typisk samling inneheld andakt, ulike aktivitetar og snacks. Her er det romsleg og lett å trivast på tvers av interesser og ikkje minst, mykje moro!
Ving har samlingar annakvar onsdag kl. 17:30-19:30 på SIM-huset (Granden 23, 2.etg).
Lurer du på noko?
Vi høyrer gjerne frå deg